Tysdag kveld 2. september arrangerte Trollheimen Sykkelklubb det årlege klubbrittet frå Nordvik til Kårvatn. Ikkje uventa var det Håvard Gjeldnes som nærast tangerte rekorden på tida 33,39 men Stig Mikkelsen var hakk i hel og kom inn på tida 33,42. Tredjeplassen kapra Eskil Håvik på tida 34,03.
I dameklassen var det Ida Aakvik som trekte det lengste strået på tida 40,48, medan Malin Håvik og Oda Halle plasserte seg på 2. og 3. plass med 42,52 og 43,03. Totalt var det 13 deltakarar som deltok i klubbrittet – 9 i herreklassen, 3 i dameklassen og 1 i trimklassen.
Det var fellesstart ved Forsamlingshuset på Nordvik (45 m.o.h.) og rittet gjekk altså via Svinvikstunnelen og innover Todalen og så opp Falla og vidare til Kårvatn (212 m.o.h.) – totalt 18 km. Høgaste punktet på turen blir Innerdalsmerket som ligg på 235 m.o.h.
Det er nok imponerande å klare denne køyreturen på litt over halvtimen. Det seier no litt om nivået i toppnivået i klubben. Godt gjort folkens!