Etter eit styremøte i Nordvik grendalag i vår, vart det vedteke å kjøpe inn ein hjartestartar til Nordvik forsamlingshus. Med dei nærmaste hjartestartarane lokalisert på Kvanne og i Todalen, ville grendalaget få tak i ein hjartestartar som var lokalisert i nærområdet sitt, for på den måten å redusere tidsbruken ved akutt hjartestans, der kvart minutt er heilt avgjerande. Å få ein eigen hjertestarter på Nordvik, var difor eit sterkt ønske frå grendalaget.
Grendalaget sendte søknad til Gjensidige om økonomisk støtte til innkjøp av hjartestartar, og gleda var stor da Gjensidige var særs positive til søknaden ville sponse både hjartestartar og eit skåp, der hjartestartaren kan henge utendørs heile året. Skåpet er utstyrt med litt varme, lys og alarm, som går dersom skåpet blir opna. Grendalaget håper difor ingen åpnar skåpet før det trengs. I tillegg sponsa Svorka Installasjon ny stikkontakt og montasje av skåpet, som heng rett utanfor inngangsdøra ved forsamlingshuset, godt synlig, med grønt lys, for den som kjem køyrande frå Todalen når det har blitt mørkt.
Hjartestartaren er kjøpt hos Midt-Norge Førstehjelp, eit firma som er drive av Linda Kvande og Andreas Egeness. Dei anbefaler denne typen hjartestartar, da den til dømes berre har eitt sett med elektrodar, som kan brukast til både barn og vaksne. Den er i tillegg godkjent for utendørs bruk i all slags vêr og vind. På etterjulsvinteren kjem grendalaget, i samarbeid med Midt-Norge Førstehjelp, til å tilby førstehjelpskurs med opplæring i både HLR og i bruk av hjartestartar til alle nordvikgardingar, slik at alle som vil, skal føle seg trygge på å kunne bruke hjartestartaren ved behov.
Måndag, på “Verdens hjerte- og lungeredningsdag” var det offisiell overrekking av hjartestartaren. Gjensidige Surnadal, representert ved Andreas Johan Storm, tok turen til Nordvik og møtte grendalaget. Leverandøren, Midt-Norge Førstehjelp, møtte også opp med informasjon om hjartestartaren og fortalte kor viktig det er å kome tidleg i gang med livreddande førstehjelp i ein krisesituasjon, for å berge liv.
Hjartestartaren er registrert på 113.no, og kjem også opp på AMK sitt kart. Dette gjer at AMK lett kan sjå kvar næraste tilbjengelege hjartestartar er lokalisert. Hjartestartaren på Nordvik er tilgjengeleg for alle heile døgnet, heile året.
Nordvik grendalag håper sjølvsagt at det aldri blir bruk for hjartestartaren, men dersom det likevel skulle skje, så er hjartestartaren i alle fall no på plass. Grendalaget vil gjerne takke Gjensidige Surnadal for den generøse gåva til lokalsamfunnet på Nordvik.