Den tillyste basaren i Nordvik Forsamlingshus blir digistal – med loddsal via Vipps nr 98505. Det er koronasituasjonen som gjer at den fysiske basaren blir avlyst og endra til eit digitalt arrangement. – Dermed kan loddsalet pr Vipps 98505 foregå heilt til kl 15.00 på søndag 21. november.
Når planane no blir endra så blir fristen for å levere basarting også endra, så vi oppfordrar folk til å leveres basartingane søndag ettermiddag mellom kl 16.30 og 17. Deretter blir det umiddelbart etterpå trekning frå kl 17. Hovudgevinsten blir ein kolonialkasse med verdi kr 800,- frå Matkroken Todalen.
Styret i grendalagt oppfordrar alle til å støtte opp om grendalaget ved å kjøpe lodd på Vipps nr 98505. Ved å kjøpe lodd a kr 25,- blir du automatisk med på trekning av alle gevinstane via felleslista, og du får beskjed etter trekninga derom du har vunne. – Kjøp lodd og bli ein vinnar!
Nordvik Grendalag er medlem i Todalen.no