Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik grendalag møter våren

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Nordvik Grendalag har hatt styremøte og lagt planer for våren.  Aktivitetane i grendalaget har vore sterkt påverka av koronasituasjonen og fokus på å unngå smittespreiing, men no ser styret lys i tunellen og håper det blir litt meir fart etterkvart.

Med tanke på våraktivitetar så har det vore tradisjon med å samlast for å rydde etter vinteren.  I år legger styret opp til ein ryddedugnad tysdag 11. mai, frå kl 18 og utover.  Med tanke på koronasituasjonen så legg grndalaget opp til at dei som bur i Sollifeltet tek jobben med å rydde på leikeplassen der i feltet.  Resten av dugnadsgjengen møter ved grendahuset for rydding rundt huset og på ballplassen.  Elles vil vi sende ut eit par sykkelpatruljer for å rydde langs vegen mellom Åsbøen og Svinvika.

Onsdag 12. mai er det befaring av turstien opp mot Snytå. Det er trimgruppa i I.L. Søya som tek initiativ til dette. Oppmøte på Brandhaugen kl. 18.00 for dei som vil vere med.

Etter som smittevernet i kommunen framleis åtvarer mot store samlingar så går pinsefeiringa i år ut.  Styret vil vidare vurdere St.Hans-feiringa når vi nærmar oss, og kjem attende med meir informasjon etter kvart, skriv styreleiar Odd Arild Sande til Todalen.no

 

mvh Odd Arild

Publisert: 7. mai 2021, 09:38