Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag har programmet klart

Elinor Bolme Fredag 8. mai 2015

Nordvik Grendalag har for lengst lagt planene for eit innhaldsrikt år. Vi har fått tilsendt aktivitetsplana deira, og kjem til å legge ut ulike arrangement når det nærmar seg. Sykkeltrimmen deira har også starta opp att, der dei blir å sjå på vegane innover til Todalen kvar søndag framover. Her blir det som tidlegare år saft, kaffe og bakels annakvar søndag for å skape ei litt meir sosial ramme rundt arrangementa.

Start ved Øygarden kl. 1830-1930. Og distansen er naturleg vis valgfri. 25. mai utvidar dei sykkelturen, og arrangerer tur til Drøppingstranda. Her satser dei på å ta ferje klokka 15.00. For dei som ønsker det, blir det gitt «tillatelse» til anna transport, som båt eller bil.

Ellers ser aktivitetsplana for første del av sommaren slik ut:

Nasjonal Strandryddedag

Grendalaget inviterer til dugnad med rydding av strandsonen lørdag 9. mai klokka 10.00. Oppmøte på Forsamlingshuset for utdeling av sekker og roder. Kafferservering.

GAMMELVEIEN Øygard/Svinvik

Tirsdag 19. mai klokka 18.30 blir det dugnad på gammelveien mellom Øygard og Svinvik.

PINSEAFTEN

Lørdag 23. mai kl.19.00 inviterer de alle til felles bålbrenning ved Røe-Sletneset. Salg av grillmat og kaffe.

St.HANS AFTEN

Tirsdag 23. juni kl.19.00 feirer dei midtsommer med bålbrenning og grilling ved Røe-Sletneset. Grendalaget ordner varmen.

Alle arrangementa blir naturleg vis å finne i vår aktivitetskalender sidan Nordvik Grendalag er medlem her hos todalen.no.

 

Først publisert: 8. mai 2015, 04:41 - Sist oppdatert: 7. mai 2015, 19:55