Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordmørsmusea inviterer til temakveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2024
Nordmørsmusea inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum torsdag 20.juni kl.19.00 – i fjøset:
Tema: Kven var dei første nordmøringane?
Kvar kom dei frå, og kvifor kom dei hit? 
Det er arkeolog og konservator Jarle Stavik i Nordmørsmusea som tek oss med på ein interessant historiekveld.
 
Etter foredraget (ca. 40 min) vil museumsutstillingane vere opne og det blir høve til å kjøpe seg kaffe og noko å bite i.
Billettpris: 100 kr 
Arrangementet er ein del av MIDTSOMMAR I SURNADAL
Publisert: 15. juni 2024, 17:25