Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordmørsbunadens historie og mangfald

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. januar 2020

Historielaget minner om ettermiddagskaffien søndag.

Todalen historielag inviterer til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset søndag 26. januar kl. 14:00. Ole Kristian Gundersen, som er bunadstilverkar ved Flid Husfliden i Kristiansund, vil halde foredrag om Nordmørsbunaden, både kvinnebunad og mannsbunad. Han vil presentere bunadsmangfaldet slik det er i dag og dra historiske liner.

Ole Kristian er utdanna sjukepleiar, men har heile livet hatt interesse for handarbeid og husflid. Han arva kniplebrett etter mormor si som gutunge og lærte seg kniplekunsten. Tilfeldigvis vart det vevkurs i kjellaren heime på Frei da han var ungdom, og dermed var interessa for veving skapt, han lærte seg også kvitsaum. Som ung spelemann ønskte han seg bunad, det vart den brune mannsbunaden som Trygve Ørsal frå Myrvang sauma til han. Etter kvart som fire ungar voks opp, vart det behov for nye bunader, og da var det greitt å kunne lage delar av bunadene sjølv. Han tok kontakt med Lisbet Børset på Ålvundeidet for å lære å veve den raude damaskvesten/Farstadvesten. Da Lisbet slutta å veve sjølv, overtok Ole Kristian vevstolen hennar, og han har studert vevkunsten til Inga Farstad grundig.

Døme på mannsbunad og kvinnebunad. Skinnbuksa har Ole Kristian sydd. Bilete frå bladet Bunad, nr 2 desember 2018.

Mannsbunad frå Nordmøre – ein versjon. Bilete frå bladet Bunad, nr 2 desember 2018.

For å få skaffe seg meir kunnskap om bunadshistoria og lære teknikkar, har Ole Kristian Gundersen gjennomført fem av seks modular i bunadstilverkarfaget. Det er Norsk institutt for bunad og folkedrakt som er ansvarleg for opplæringa. Så ei genuin interesse og ein spennande hobby er no vorte til yrke for Ole Kristian.

Vest frå Todalen, minst 200 år gammel. Bilet frå bladet Bunad, nr 2, 2018

Han oppfordrar folk til å ta med seg spesielle bunadsplagg/bunadssølv til Ungdomshuset for å syne fram og kanskje fortelje om det. Kanskje nokon har ei gammel mannsskjorte med «nerdelle»?

Musikk blir det og, Ole Kristian har med seg fela si. Kan hende kan det bli ein slått i tradisjon etter Hallvard Ørsal?

Serveringa er som vanleg graut og bakels. Utlodding.

Bunad og tradisjon er både eit spennande og interessant tema. Her har nok mange gode innspel å kome med.

Alle er velkomne til ettermiddagskaffe i Todalen Ungdomshus!

VEL MØTT!

Det blir litt felemusikk. Her spelar Ole Kristian Gundersen på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 24. januar 2020, 16:30