I samband med at det er 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, har vi i Todalen barnehage lært om Thorbjørn Egner no i haust. Spesielt har vi fordjupa oss i ”Folk og Røvere i Kardemomme By”. Vi har laga byen, lese boka og vorte kjent med personane som bor der.
Hovudbiblioteket inviterte til teiknekonkurranse i samband med jubileet, og vi sendte inn mange flotte bidrag. På sjølvaste 100-årsdagen, 12.12.12, til Egner vart vinnaren kåra, og teikninga til Nora Kårvatn gjekk av med sigeren i klassen 3-6 år. Gratulerer!
Diplom og premie, i form av ein iPod.
Her var heile Kardemomme By hengt opp på veggen, der kunne alle barna sjå på husa og personane i byen.
Her er Kardemomme By som barna laga.
Foto: Todalen Barnehage/Gudmund Kårvatn