På www.verdiskaperen.com er Kårvatn v/Gudmund Kårvatn nominert til «Årets Verdiskaper 2010». Vi i Todalen.no tykkjer han må vera ein sterk kandidat med både ny butikk på nylåven og ikkje minst barneTV-serien «Fjellgarden i Trollheimen».
Det er Tidens Krav og Sparebank1 Norvest som deler ut prisen som er på 250.000 og alle kan vere med og stemme på kandidatane som er lista opp nedafor. Ein jury står for 50% av stemmene, mens folket står for 30%, via internett og SMS (kr 3). Dei resterande 20% blir avgitt på Verdikonferansen 9. april. Prisen skal utdelast i april.
Dei som er nominert er:
Angvik Gamle Handelssted
Jemar Norpower AS
Kårvatn v/Gudmund Kårvatn
Redox AS
Tingvollost Waagen
Vaagland Båtbyggeri AS
Klikk her så finn du http://verdiskaperen.com/ der kan du lese meir, og her kan du stemme: Stem her!