Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nokre kommunale vegar blir privatvegar?

Jon Olav Ørsal Måndag 9. mars 2015

Frå tid til anna kjem det forslag om omklassifisering av vegar. Denne gongen er det eit forslag frå Surnadal kommune om omklassiffisering av heile 19 vegar rundt omkring i kommunen. Første steget i denne prosessen er behandling i hovudutvalg for teknikk, miljø og næring, som skal tilrå kriteria for dette arbeidet. Deretter blir det utarbeidd eit forslag, som  så skal ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer det endelege vedtak.

SluttAnsnesvegen_5333 (2)

Her ved Ansneset sluttar den 1680 m lange Ansnesvegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Denne gongen er det altså 19 kommunale vegar som er foreslått omklasifisert til private vegar. I Todalen er det 2 – Ansnesvegen og Gjeldnesvegen. Ansnesvegen går frå enden på FV671 på Todalsøra og utover forbi Ansnessaga til Ansneset – ei strekning på 1680 meter. Gjeldnesvegen går frå krysset til FV 671 og heilt opp til Gjeldnes, men det er fram til kammen det er kommunal veg  – ei strekning på 1380 meter. No blir altså denne saka lagt ut til høyring i 30 dagar, slik at oppsittarar kan kome med innspel i saka.

Den kommunal delen av Gjeldnesvegen går frå krysset til FV671 til Kammen. Foto: Jon Olav Ørsal

 Du finn heile saka i møteprotokollen fra Hovudutval i TMN den 5.3.2015

Her er oversikt over alle dei 19 vegane som er foreslege omklassifisert til private vegar:

ForslagKommunaleVegar

Ansnesvegen_MøreTre_5335 (2)

Ansnes Sagbruk – ei avdeling av Møretre – ligg ved Ansnesvegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Ansnesvegen_Baugen_5346 (2)

Ansnesvegen snor seg rundt husnovene ved baugen, utafor Todalsøra. Foto: Jon Olav Ørsal

hjellnesvegen_5348

I krysset mot FV671 startar Gjeldnesvegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. mars 2015, 18:08 - Sist oppdatert: 10. mars 2015, 00:04