Søndag ettermiddag fann Gudmund I. Kvendset denne, noko vi trur er ei sveiv til ein båthengar. Gudmund fann den i Sandstadkrysset på Kvennset søndag ettermiddag, så er det nokon som har køyrt gjennom Sandstadkrysset med båthengar i helga, kan det vere lurt å sjekke om dette kan vere sveiva di?
Sveiva ligg no på Matkroken Todalen, og kan hentast av eigaren der.
Denne er og funnen!
Det er òg funne ein hjørnestolpe til bilhengar. Denne vart funnen på vegen ved raset i stranda. Denne ligg òg på Matkroken Todalen, og kan hentast der av eigaren.