Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til varseltrekantar med både gule og raude farger både på nedbør, flaum, jordras og sist men ikkje minst snøras i Trollheimen.
Surnadal kommune meldte i ei pressemelding i 14 tida i går om rørbrudd i vassforsyninga i Nedre Surnadal. Feilsøking og lokalisering av bruddet vart gjort etter kvart, men ikkje alle husstandane fekk att vatnet sitt i løpet av kveldinga. «Vi veit ikkje når vatnet er tilbake, men vil oppdatere informasjon fortløpande. Kommunen beklagar lang ventetid på telefon. Vi informerer fortløpande på våre heimesider så snart vi veit meir», opplyser dei, noko som kanskje kan være avgløymt ein fredags ettermiddag/kveld: Rørbrudd i vassforsyning i Nedre Surnadal
Vakthavande Tor Arne Moen hos kommunen håpar at alle skal ha fått att vatnet i morgontimane. Mannskapet tek i alle fall natta i bruk for å gjere sitt ytterste for det.