Den etter kvart så tradisjonsrike Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag, og IL Søya kan notere nok ein vellykka cup i si historiebok. 69 lag spela 103 kampar, og rundt 400 ivrige fotballspelarar fekk ein fin fotballdag, der dei fekk med seg både gode fotballminne og premie heimatt.
Vêrgudane spela også på lag med arrangøren, både med fint spelevêr og god temperatur. Fotballen rulla i gang allereie klokka 09:30 og vart avslutta rett før klokka 17:00 no i ettermiddag.
I tillegg til fotballen, så var det fotballykkehujul med premiering og presisjonsskyting med fotball på poengveggen, også her med premiering for høgaste poengsum.
Det vart spela 3-er fotball for klassen 6 og 7 år, 5-er fotball for 8, 9 og 10 åringane, medan 11 og 12 åringane spela 7-er fotball. Det vart spela fotball på 7 banar, der speaker Magne Hansen, som vanleg, hadde full kontroll på både tida og dei fleste resultata på alle banane.
Det var sal av kioskvarer, grilla pøser og hamburger og frukt.
Det såg ut til at alle, både spelarar og publikum storkosa seg på årets utgåve av Søyacupen.
Leiar i IL Søya si Fotballgruppe, Leif Magne Andersen, var etter cupen strålande nøgd men gjennomføringa av arrangementet. – Eg vil takke alle dei frivillige som stiller opp år etter år og gjer dette arrangementet muleg, seier han. – Eg vil også takke alle tilreisande lag med støtteapparat for at dei kom på Søyacupen!, legg han til.
Da er nok ein Søyacup vel i hamn, og vi kan gratulere IL Søya med nok ein godt gjennomført og på alle måtar vellykka cup!