Lensmannsvakta i Surnadal fikk ikkje mykje ro i natt. Ikkje før var dei kome heim frå aksjon ved Talgøsetra så «tikka det inn melding» om sakna saueleitar i Romådalen – eller nærare bestemt i området mellom Rognnebba, Fruhøtta og Peikhøtta, fortel politibetjent Per Gjeldnes. Der var det 1 meter snø, og da sjølvsagt dårleg føre både for saueleitarar og sauer. Og herfra er det heller ikkje så lett å få kontakt med omverden.
Han fann etter kvart sauene han var på leiting etter i området ved Peikhøtta, men sauene var i dårleg kondisjon, uvillige til å være med heim, og det tok mykje lenger tid enn han trudde å få dei ned frå Storbotn og til Romådalen. I Romådalen hadde han overnatta under ei gran ved ei av setrene, og hadde da pakka sauene rundt seg for å halde varmen.

I dette området var det saueleitaren fann sauene sine. Sauene var i dårleg kondisjon og lite villige til å være med heim og vart difor innhenta av mørket. Det er fleire timars marsj fram til veg herfra.
Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor fortel at det var umulig å lokalisere saueleitaren via krysspeiling av mobilen da det ikkje er mobildekning i Romådalen. Først måtte dei difor leite opp bilen til sauleitaren og søke i dette området, men skjønte fort at det var best å ordne seg på å sette inn helikopter i morgontimane. Men før helikopteret rakk å ta av kom dei i kontakt med saueleitaren og kunne dermed blåse av heile aksjonen.