Randonelandslaget var klare på startstreken, da starten på sprinten gjekk kl 9:30 søndag morgon. Det var totalt 121 startande på prologen, der kvalifiseringa til finalane foregikk. Dei 30 beste vart med til andre runde og 12 til semifinalen og 6 til finalen. Av dei 4 norske som deltok i prologen, var det berre Hans Inge Klette som kvalifiserte seg til å bli med vidare – Erik kom på 40.-plass og var 7:19 for sent i mål til å bli med vidare.
Hans Inge hamna på 9.-plass og var den einaste norske som kom med vidare – i andre runde kvalifiserte Klette seg til plass i semifinalen og vidare til finalen, der det til slutt vart 4.-plass. Dette viser at det norske landslaget er med i konkurransen, sjølv om det er tøffe tak for å henge med i konkurransen når ein kjm oppi høgda – konkurransane i val Martello har gått på mellom 2000 og 2900 høgdemeter. I dameklassen var det ingen norske deltakar i dagen konkurranse.