I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.
– Heile 29 kvinner og menn og ein hund var møtt opp og gjekk i samla følgje i godveret, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Heldigvis trekte verstyraren lette skyar framom spissaste sola – vi held varmen godt likevel oppover etter kvart som det vart brattare og brattare, fortsett han.
– Heldigvis hadde vi stødige leiarar i Ingrid og Jan, – det er godt å ha med kjentfolk i ukjent lende, legg han til.
– Alle kom opp, og rasten på toppen var god og vel fortent, tykte vi. – Og alle kom vel ned att, så no er det berre å samle krefter til neste tirsdag – da skal vi til Steinløa!, avsluttar Kristian.