Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Solidaritet i praksis på aldersheimen

Solidaritet i praksis på aldersheimen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. januar 2011

Denne veka er det solidaritetsveke ved Nordmøre Folkehøgskule. Elevane er da delte inn i grupper som har forskjellige slags engasjement, og alle deltek i eit eller anna samfunnsnyttig. Ei av gruppene nytta høvet til å ta ein tur til Stangvik aldersheim for å underhalde beboarane og sette litt farge på kvardagen. Der vart dei godt mottekne og dei fekk sleppe til med både musikk, korsong, hallingdans og jammen vart det råd for å få ein svingom også.

Borghild Betten Talgø fann fram kamera og sørga for at dette vart foreviga og har formidla stemninga til Todalen.no.  Først var det Elise Sannes som spela «Vals til liten pike» av Sæverud, og så fortsette skulekoret med Kjell Gunnar Polden som dirigent. Dei song mellom anna «Vårsøg», «Per Spellmann» og «Blue moon».

Så var det Asgeir Heimdal, ein spretten gut frå Numedal,  som imponerte med hallingdans til stor fornøying for bebuarar og betjening. Til slutt var det råd for ein svingom, og den sjangsen var det mange som nytta seg av, fortalte Borghild B. Talgø som er aktivitør ved aldersheimen i Stangvik. Ho rosar ungdommane som fekk god kontakt med bebuarane til stor glede for begge partar. Eit triveleg avbrekk frå ein vanleg kvardag på aldersheimen.

Her kan du sjå bildegalleri frå aldersheimen.    Foto: Borghild Betten Talgø

Først publisert: 14. januar 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 13. januar 2011, 22:46