Nofence er ein klave på beitedyr og fungerer som ei virtuell inngjering, og erstattar dermed fysiske inngjeringar. Klaven er utstyrt med GPS og i kombinasjon med ein app gjev den eigar av beitedyre full kontroll kor beitedyra til ei kvar tid er.
Men også turgåarar kan ha stor nytte av Nofence dersom eigaren av dyra gjer informasjonen frå Nofence offentleg tilgjengeleg. Når denne informasjonen er offentleg tilgjengeleg kjem dyra opp på beitekartet i appen, samtidig som namnet på eigaren kjem opp, dersom dette er registrert på Nofence-klaven.
Når ein lastar ned appen får ein full oversikt over kvar det er beitedyr, slik at ein kan ta hansyn til dette når ein skal velge turmål eller på annan måte ferdast i områder med beitedyr. Dette gjeld spesielt for folk som har med seg hund på tur.
Kart over registrerte beitedyr finn ein også på grazingmap.nofence.no. Da er det berre å oppfordre alle turgåarar til å laste ned appen, og alle beitedyreigarar som har beitedyr med Nofence-klave til å registrere dyra sine, så blir det lett å planlegge turar og andre friluftsaktivitetar.