Følgande tilbod blir stengde eller reduserte dei neste 14. dagane:
- Stenger Dagtilbod for eldre frå og med i morgon, onsdag 23. februar. Dette omfattar ikkje dagtilbod for demente (Inn på tunet).
- Reduserer tilbod om samtalar/oppfølging frå demensteam og kreftkoordinator. Ein vil prøve å ta dei mest nødvendige oppfølgingane i rolege periodar (etter lunsj).
- Gir ikkje tilbod om heimehjelp/praktisk bistand frå og med i morgon, onsdag 23.02. Dette omfattar ikkje personleg assistanse. Der vil ein framleis utføre tenesta.
- Tiltak gjennom heimesjukepleia vil kunne bli noko redusert. For eksempel kan det hende ein ikkje gjennomfører alle planlagde dusjingar eller andre tiltak som kan reduserast noko i dei neste vekene, utan at dette medfører fare for helsemessige konsekvensar. Endringar vil bli kommunisert direkte til den enkelte pasient.
– Vi gjer ei ny kapasitetsvurdering tysdag 8. mars. Vi håpar da at vi heilt eller delvis kan opne tenestene igjen. Vi ser uansett ikkje for oss ein langvarig reduksjon i tilbodet.
– Vi vil følgje anbefalte smittevernråd for i størst mogleg grad å unngå at vi tek med smitte til våre pasientar. I samråd med kommuneoverlege sett vi inn særlege tiltak rundt dei som ikkje er vaksinerte eller har større risiko for alvorleg sjukdom i vekene framover.
– Vi håpar at dette i det vesentlege ikkje vil ramme pasientar eller pårørande i stor grad og ser fram til å kunne tilby tenester på vanleg vis etter at desse to vekene er over.