Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nobelt program i «Gullhuset»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. oktober 2024

Laurdag 19. oktober er det duka for ein sjeldan bokkveld i «Gullhuset» Rønnan i Stangvika. Da kjem nemleg nobelprisvinnar Jon Fosse sin redaktør, Cecilie Seiness, saman med ein av våre fremste forfattarar, Brit Bildøen. – Dette gler vi oss veldig til, seier Svein Sæter. Stangvikgardingen er styreleiar i Møre og Romsdal forfattarlag, som saman saman med Surnadal Heimbygdlag, Nordmøre Mållag og Sunndal Mållag er arrangørar denne kvelden.

Første post på programmet er ei kort omvising i den store villaen, som «Gullkongen» Fredrik Bruseth bygde etter at han kom styrtrik heim frå Klondike. Deretter leier Sæter ein samtale mellom Seiness og Bildøen, der nobelprisen, Jon Fosse og arven etter han er sentrale tema.

Brit Bildøen har vunne mange prisar for bøkene sine. I starten av forfattarskapet var ho faktisk elev av Jon Fosse, som tidleg på 1990-talet var lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen.

– Han sa ikkje så mykje, men på mystisk vis var det lærerikt likevel, seier Brit Bildøen.

Sjølv er ho frå Gossen, har hytte i Grødalen og har tidlegare gjesta fleire av dei lokale biblioteka.

Cecilie Seiness er redaktør i Samlaget. Der har ho i mange år vore den faste redaktøren til Jon Fosse, som ho òg har skrive bok om.

– Det blir fint å ta turen til eit område med sterke litterære tradisjonar, også av nyare dato. Eg hadde gleda av å oververa Kleivakvelden under Vårsøghelga for nokre år sia, seier Seiness.

Seiness og Fosse. Foto: Privat

«Nobelt i Gullhuset» blir starten på litt av ein Fosse-haust på Nordmøre. I november kjem Linda Eide og Sjur Hjeltnes med framsyninga «Fosse for dumskallar», som blir vist i Batnfjord samfunnshus 13. november og Surnadal kulturhus, Sunndal kulturhus og Kulturfabrikken i Kristiansund dei påfølgjande dagane.

Først er det altså muleg å møte «Fosse-kjennarar» på Rønnan, der det blir ein heil bokdag den 19. oktober. Første del av dagen er det forfattarsamling for Møre og Romsdal forfattarlag, deretter er det «Nobelt i Gullhuset» frå klokka 17:00.

Det er begrensa plass på Rønnan, så arrangørane ber om påmelding til svein@blomsterhaug.no

Bakels og kaffe inngår i billetten.

Publisert: 3. oktober 2024, 13:52