Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No tømmer dei septiktanken i nabolaget ditt…

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2025

Jan Melsåsen og Audun Døving frå Norva Miljøservice er denne veka i full gang med septiktømming i Todalen.  Dei reknar med at dei treng 2-3 veker før dei er ferdige her, dersom det ikkje skjer noko spesielt.  Da er det viktig at du har gjort klar for tømming, slik at dei finn septikkummen og får det til å gå radig.

Viktig at du rydder fram septikkummen, slik at det ikkje går unødig tid seier Audun Døving. Foto Jon Olav Ørsal

Dei to kjem frå Norvas base i Stryn, og bur på Hammerstuene i den perioden dei er her i Surnadal og her blir dei tatt godt vare på.  Melsåsen fortel at dei akkurat har vunne anbudskonkurransen for ei ny periode, så da blir dei nok å finne her annakvart år i tida som kjem. 

Bilen frå Norva Miljøservice som har base i Stryn – no blir den gule bilen å sjå i Todalen i eit par tre veker framover. Foto Jon Olav Ørsal

Når dei tømmer septiktanken din, så syg dei opp heile innhaldet i tanken, før dei tek ut tørrstoffet og sender vatnet ned i tanken igjen.  Tørrstoffet leveres på ein miljøstasjon i nærleiken.  Melsåsen poenterer at det er viktig å berre bruke toalettpapir for at anlegget på bilen skal fungere uten at det går tett – dette er faktisk viktig å hugse på poengterer han. 

Publisert: 1. oktober 2025, 06:00