Onsdag 6.juni kl.19.30 er det duka for Vårsongkveld i Ranes kyrkje med fleire kor og instrumentalistar. Her blir det besøk av kammerkoret WOK frå Sunndal kulturskule med dirigent Lone Eines. I tillegg blir to lokale kor med. Dette er Tordenskjold Songlag med dirigent Elin Persson og Damekoret Credo med dirigent Oddveig Helset Halle.
På reportuaret til kora, er det variert og flott musikk og dei vil avslutte konserten med 3 fellesnummer. Baryton Knut Iversen syng 3 negro spirituals og det blir allsong frå den nye salmeboka som høyrer til denne årstida. Christian Madaus blir med på fløyte og Linda Humberset på trompet.
Velkomne til ei fin kveldstund i Ranes kyrkje ønskar arrangørane.