No nærmar det seg julegrantenning på Holmen. Heile pålen ligg no i horisontalt vater og er klar til å bli heva. Vi har hatt Erling Talgø på telefon no i kveldinga, og han har god tru på at pålen kjem opp i løpet av morgondagen, men han seier at dette er ein krevjande jobb og at montørgjengen treng fred og ro for å få til dette.

mellom tretti og førti meter blir pålen når den er ferdig montert. Søndag vil vi ha fred og ro når den viktigaste delen av monteringsarbeidet startar, seier Ola Dalsegg og Åsmund L. Kvendset. Foto Maria H. Halle
Pålen er tross alt godt over tretti meter og vi har mesta 600 meter med juletrelys som er ferdig montert og klart for heving og montering. Vi startar arbeidet i morgon, men vi reknar med litt prøving og feiling i dette arbeidet, så vi trur kanskje at det går ein dag eller to til før vi får ferdig monteringsarbeidet.
Men vi er iallfall glad for at salet av kuler og lenker har gått strykande. Folket likar at vi viser eit slik initiativ, og vi bøyer oss i takknemlegheit for støtte både frå bedrifter som har kjøpt lenker og alle dei som har kjøpt juletrekuler, seier Erling Talgø på telefon til Todalen.no

Fundamentet er på plass – Åsmund L. Kvendset og Ola Dalsegg konstaterer at det er solid, og det trengs. Foto: Maria H. Halle