No er Vatn Maskinstasjon i gang med oppryddinga etter anleggsarbeidet som har pågått i Falla i vinter. No er det fritt for tele i området, og dermed er det gode forhold for å fullføre arbeidet, seier dagleg leiar Gudmund Ole Vatn i Vatn Maskinstasjon. Han ber om at trafikantane utviser forsiktigheit ved passering i området.
Vatn seier at dei satsar på å halde vegen open heile tida, men kan ikkje garantere at det ikkje kan bli litt ventetid i enkelte situasjonar. Men mannskapet som jobbar med å rydde oppå toppen av området har god oversikt og vil ta godt vare på trafikantane som passerer. Han trur at oppryddingsarbeidet skal være kome langt i løpet av neste veke dersom alt klaffar.