No startar arbeidet med utbetring av tårnet på Todalen Kyrkje. Den siste veka har det pågått montering av stillas som må på plass før snekkararbeidet kan starte. Det er Averøyfirmaet Lunvik Utleie som leverer den tjenesta.
No står det berre att å kle inn stillasjet i plast, før snekkararbeidet kan starte. Snekkarjobben er det eigne vaktmestrar som skal utføre, og det arbeidet startar så snart stillasjet er ferdigstillt.