Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No opnar KNT-hyttene

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. juni 2022

Tradisjonen tru opnar Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) dei fire betente hyttene sine på St. Hans-aften. Todalshytta har vore open ei stund, medan Aursjøhytta, Innerdalshytta og Vangshaugen opnar i dag.

Håper på rekordsommar

Mykje tyder på at det blir mange som velger fjellet som feriemål i sommar. Det har allereie vore stor pågang på KNT sine sjølvbetente hytter, og da særleg på Fjordruta som har vore snøfri i fleire veker. Dette lover bra for dei betente hyttene, som i tillegg til overnatting, også serverer mat til svoltne fjellturistar.

– Hvis været spiller på lag, kan dette bli den beste sommeren vi har hatt, tror daglig leder i KNT Roar Halten. Alt ligger til rette for at fjellheimen i Norge blir mye brukt i år. Mange har nyoppdaget Norge som feriemål, og det kombinert med usikkerheten rundt pass og flyplassene i Europa, gjør at årets sommersesong kan bli svært god, trur Halten.

Ny styrar på KNT Vangshaugen

I Grødalen i Sunndal er stemninga spesielt spent i år. Kirsti Edøy er styrar på ei fjellstue for første gong og går med store forventningar etter å ha gjort draumen til verkelegheit. Edøy har store planer for Vangshaugen, og gleder seg til å vise fram denne historiske hytta for fjellturistane.

Den betente sesongen går i hovedsak fra St. Hans til 31. august. Det er mange av dei betente hyttene i DNT-systemet som har opna i dette tidsrommet. Etter 1. september blir dei hyttene som stenger for betent drift, open for sjølvbetening.

Ny styrar på Vangshaugen er Kirsti Edøy. Foto: Roar Halten

Fakta om KNT sine betente hytter:

Todalshytta

Bailldager og fiske etter storlaksen. Todalshytta har mykje variert å by på i sitt nærområde. Eit fint utgangspunkt, der du kan kombinere overnatting med eit godt måltid, for så og gå over til Innerdalshytta. Arve Evensen er styrar. Han er ein lidenskapelig fiskar som brenner for fluefiske i elva Toåa.

Innerdalshytta

I Norges vakreste dal ligg Innerdalshytta nær foten av Innerdalstårnet. Turmåla er mange i Innerdalen. Norges vakraste utsikt finn du på turen til Bjøråskaret og du kan sjå denne storslåtte dalen frå ein litt annan kant. Styrar Arve Husby har sitt andre år som styrer, og gleder seg til å vise fram mellom anna nyoppussa soverom.

Vangshaugen

Idylliske Vangshaugen ligg ved Storvatnet i Grødalen. Maten og opplevelinga er noko heilt for seg sjølv. Særleg kjent for sin gode «græt og bakkels». På Vangshaugen har ei spent styrarinne Kirsti Edøy gjort alt for å forberede sin første sesong som ny husfrue på Vangshaugen. 

Aursjøhytta

Den spektakulære Aursjøveien er for mange utgangspunktet til Aursjøhytta. Fjellområda rundt hytta er minst like oppsiktsvekkande. Her vandrar villreinen og nasjonalparken er tett på. Styrar Yupin og Nils Johan er klare for å ta imot mange turister i år.

Kontaktinformasjon til hyttene:

Kontaktpersoner

Daglig leder KNT, Roar Halten – roar@knt.no 950 81 118

Styreleder KNT, Eirik Gudmundsen – eigudmun@online.no 908 89 703

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. juni 2022, 10:43