Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.
Med det same snøen er borte, dukkar fine og fargerike vårblomstrar fram i hagar, vegkantar, i skog og lier. Det er sikre og kjære vårteikn som ber bod om lysare tider.
Elva søger, bekkene brusar og fuglane syng – gode dagar! Men kanskje er våren litt skummel, for det seiest at knoppane skyt, lauvet sprett og sola stikk ……
Det er lettast å legge merke vårblomstrane, men det finst og tidleg vårsopp. Inne ved Skukkulbrekkå er det no små, raude og fine soppar med det flotte namnet «skarlagen vårbeger». Denne soppen er relativt sjeldan og veks helst på kvister av older og der det er litt vått. Takk for tipset til Harald Egil Folden.
Viss nokon vil ta ein vårtur oppå Storhaugen, er det no godt joggeskoføre frå Brusetnesset, medan det framleis er ein del snø i skogsvegen om ein går frå Todalshytta.
Men i morgon tek våren pause ein dag, i alle fall melder yr snø og kuldegrader da. Men alt fredag skal sola kika fram att, det er bere å gle seg!