Gikk du på Nordmøre Husmorskule i perioden 1921 og fram til 1977 vil du nok ha stor interesse av å skaffe deg boka om Nordmøre Husmorskule som no er komen. Det er Einar Oterholm som er forfattar av boka som omhandlar historia fram til skulen vart vidaregåande skule i 1978. Fredag kveld (7.4.) blir boka presentert under eit arrangement i Halsa heimbygdlags regi der forfattaren viser lysbilde og fortel om husmorskulen og Bernt Bøe fortel om boka som no er komen i sal.
Det er Halsa Heimbygdlag som er arrangør, og som også byr på sal av kaffe og nylaga lefse, lotteri og sjølvsagt sal av boka.