Tre stolte førsteklassingar på framsida – Ådne Skjerve Gjeldnes, Lars Ailo Gjeldnes og Anders Dalsegg Bruset. Og første skuledag kom ordførar Lilly Gunn Nyheim på besøk og ho var heldig og kom med på bildet saman med førsteklassingane ved Todalen skule. Lilly Gunn kom for å ønskje både førsteklassingane og resten av elevflokken lykke til på første skuledag.
I år er det 26 elevar ved Todalen skule og her på biletet er heile gjengen samla. Vi trur at alle sammen tykte det var kjekt å starte på igjen på eit nytt skuleår og med opprykk til eit høgare klassetrinn enn det dei slutta på.