Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No ha sola fårre, men….

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. november 2014

I Husbygrenda hadde vi siste soldag fredag 14., eller laurdag 15 november.  Dermed er det rundt 10 veker før den atter lyser opp i vindua og avslører at vinduspussen er så som så. På Kvennset er det enno ein liten solgøtt midt på dagen, men om ei vekes tid er det slutt der og.  Da er det berre å vente på at nyttår blir passert og litt uti januar, før vi ser at dagane blir lengre igjen og sola atter kikar fram.

Solsnu er i år den 21. desember kl 23.03, og da er det berre å rekne lika mange dagar fram frå vintersolsnu, og da vil det i Husbygrenda bli muleg å sjå sola igjen den 26. eller kanskje aller helst 27. januar. På Kvennset vil det da bli ei vekes tid tidlegare.

Blomstervatning_8402

Gunnar Nordvik er ikkje vant til å drive med blomstervatning i midten av november. To av dei gule rosene har faktisk sprunge ut dei 2 siste dagane. Foto: Jon Olav Ørsal

Men  det er ikkje mykje som liknar på vinter, for det omtrent fritt for snø i fjella, og gradstokken har det siste døgnet svinga mellom 8-9 og 15 varmegrader. Og mildvêret skal halde fram, for yr.no melder om søraustleg vindretning til over neste helg. I Brusetmarka trefte vi Gunnar Nordvik som dreiv og vatna nyutsprogne roser. Mildværet dei siste par dagane har gjort at to av dei gule rosene har spronge ut, og stemorsblomsteren i verandakassen har og vakna til att og fortsett med blomstringa.  Men temperaturmålingane ved NVEs målestasjon ved Storfossen viser at temperaturen har vore over 10 varmegrader i 16 av dei 24 timane siste døgn.  Dette er heilt uvanleg her, seier Gunnar som fortel at sola har vore borte over ein månad på Liatun no.

Publisert: 15. november 2014, 15:22