Dersom du ikkje har sørga for å plante ut sommarblomstrane, så er det på tide no. Sjølv om det var frostnetter langt utover våren, så er det nok trygt å plante ut no. Dersom du er i markedet for å kjøpe sommarblomster, så treng du ikkje dra lenger enn til Ingunn Kjølstad i boligfeltet på Kvennset. Ho har dyrka fram mange sortar blomster, og her kan du kjøpa fine planter som er klare til å plante ut.
Ingunn likar å drive med blomster, og har blomster og grønsaker over store deler av tomta. Eit drivhus har ho også, så det er vel ikkje lenge før det blir tomatar frå eige drivhus.