Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No er sola komma …..

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. januar 2016

Torsdag var den første soldagen. Sissigrenda er av de første som får att sola, men da var det snøføkk og ingen fekk gleda av å ta i mot sola. Torsdag klårna det etter kvart opp, og da var sjølvsagt gleda stor.  Først ute er nok uten tvil Hjellnes, og lenger inn er Todalshaugen først med 17. – 18. januar og vidare resten av Sissigrenda som altså får sola den 19.  Eit par dager etterpå er sola på plass på Matkroken og Talgø. Sidan blir det litt etter litt sol oppover bygda og Husbygrenda har offisiell dato 27. januar.

Fine og nybrøyta vegar – honnør til brøytemannskapa som har stått på dei siste dagane! Foto Jon Olav Ørsal

Da de siste snøbygene var ferdig torsdag føremiddag tok vi ein runde rundt bygda for å fange inn nokre vintermotiv med nysnø i trea og mange fine motiv i fin lys. Det første vi la merke til var flotte nybrøyta vegar. Brøytemannskapet har stått på 3 dagar til ende for å halde alle vegane opne i snøfokken, og vi må berre gi litt skryt for resultatet. Fine og nybrøyta vintervegar møtte vi over alt.

Oppdaga også at sola var på plass i Sissigrenda etter eit par månaders fråvær. Jammen godt å sjå sola igjen, og no veit vi at dagen blir 6 minutt lenger for kvar dag som går. I løpet av 10 dager blir dagen ein time lenger og da monnar det i grunnen fort.

Tok ein runde rundt bygda med kamera for å fange inn litt av den «ekte» vinteren med nærare  1 meter med nysnø. Turen gikk i ettermiddag vidare til Betna i Halsa, og det var mange fine motiv over Nordmarka i blåtimen torsdag etternmiddag og mot kveld.   Egentleg ein fantastik dag!     Alle foto: Jon Olav Ørsal.

 

Først publisert: 21. januar 2016, 19:59 - Sist oppdatert: 22. januar 2016, 11:55