Om vi ikkje må gå 5 timar for å hente vatn, så er det iallfall vår tur til å gå med innsamlingsbøsser i samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp og NRK i årets store innsamlingsaksjon på NRK-TV – «Vann forandrer alt». I heile landet er det i dag 98763 bøssebærarar som er ute – nokre av dei i Todalen. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra di!
TV-aksjonen NRK 2014 for Kirkens Nødhjelp
- TV-aksjonen går i år til Kirkens Nødhjelp og skal skaffe varig tilgang til reint vatn for over ein million menneske.
- Pengane går til vassprosjekt i åtte land: Haiti, Afghanistan, Pakistan, Somalia, Sør-Sudan, Sudan, Etiopia og Tanzania.