Fredag reiste dei siste sauene som livdyr til Julsundet. Torsdag bar det til slakteriet med resten og no er det slutt med sauedrifta for Åse og Kåre Øyen på Brubakkå. Det er enno 10 lam som ikkje kom att frå fjellbeite, men dei er nok borte. Det er litt rart å ikkje ha sauer lenger, sier Åse, og ein tåre pressar seg på i augekroken når ho fortel.
Dei kunne egentleg ha tenkt seg å fortsette litt til, men dei store tapa dei siste åra gjorde at dei tok ei avgjerd i fjor haust om å gje seg i år. Kåre er 71 år og åse 67, begge er pensjonistar og nå blir det altså første vinteren uten sauer i fjøset dei bygde på 80-talet. Det siste året har dei hatt 40 vinterfora sauer, som er eit 10-tal mindre enn tidlegare på grunn av dårleg avling i fjor sommar.
Jerven har nok herja i saueflokken i år også, og det er ein av årsakene til at dei no kastar inn handkleet. Som sagt tok dei avgjerda i fjor, da tapa var enda større. Men verst var det å bli mistekeleggjort av fylkesmannen i samband med rovdyrerstatninga. Da mista dei 31 lam, og fikk kritikk frå fylkesmannen for «aktløyse» i samband med sauehaldet og erstatningskravet. Da tok vi ned sauene 10. september, og fylkesmannen mente dei skulle vore henta ned alt i midten av august, – altså midt i 2. slåtten, seier Åse. Det begrunna han med at det var kjent i media at det var store tap i Innerdal- og Grasdalområdet. Erstatningsoppgjeret vart dermed avkorta for 12 av dyra, sjølv om det var sannsynlegjort at det var jervtap.
Da bestemte vi oss, seier dei i kor. For oss er dette berre ei utvida hobbyverksemd, og vi klarer oss godt uten sauehaldet. Men det løyser ikkje problema for sauehaldet i området, og kva med slike som Anne Grete Røymo som skal leve av sauehaldet. Om vi sluttar blir det berre større trykk på dei besetningane som er igjen, og dei blir færre og færre år for år. Kåre tok over sauedrifta på Brubakkan da han var 16 år, og har dermed drive heimplassen og litt leiejord i tillegg i 55 år, så det blir nok litt uvant med tomt fjøs i vinter.
Det vart tøft å sende sauene, seier Kåre, men legg til at dei er glad for at ein del vart selt til Julsundet som livdyr. Åse legg til at det er godt å vite at dei kjemt til folk som er glad i dyr, og vi kjem nok til å ta turen til Julsundet for å sjå om dem etter kvart.