No er det vinterferie for elvane ved Todalen oppvekstsenter, men dagane førut var travle:
Onsdag 10.februar laga elevane fastelavnsris i lag med Todalen sanitetsforeining – dugnad! Stor innsats og flotte bukettar .
Onsdag 17.februar hadde Frode og Åshild frå idrettslaget skitrening i midttimen: Teknikktrening, ulile leikar og stafett – skikkeleg kjekt! Til slutt smaka det godt med saft.
Dagen etter serverte Bondelaget lunsj til alle ved oppvekstsenteret – triveleg fellesmåltid for små og store i gymsalen. Maten smaka nydeleg og gjekk ned på høgkant. Ungane på SFO avslutta dagen med karneval – artige kostymar og stor stemning!
Vi takkar både Saniteten, Idrettslaget og Bondelaget for innsatsen!