Endeleg er den nye solsenga på plass i solsengrommet på Hett & Svett. Den gamle solsenga sa nemleg takk for seg tidlegare i år og Todalen idrettslag har vore i marknaden for å skaffe ei ny eller kanskje vi heller skal seie ei nyare solseng. No er ho på plass, og elektrikaren har sørg for oppdatering av installasjonen i solsengrommet – så no er det berre å stille seg i kø.
Den gamle solsenga har nok gjort jobben sin. Den var frå først på 2000-talet og har oppgjennom åra voire mykje bruka av vår sambygdinger. Den nye solsenga er kjøpt som litt bruka, men er nyoverhalt og i tipp topp stand. For å bruke solsenga betaler du med myntar i myntautomaten og får dermed den tida du betalar for. Solsenga er populær og mykje bruka i mørketida og mange legg eit grunnlag før dei reiser til sydens sol i vinterhalvåret, fortel Knut Bergli i Todalen I.L.
Han fortel også at treningsrommet Hett & Svett (Det gamle postkontoret) er mykje bruka. Her er det også Todalen idrettslag som står attfor tiltaket. Talgø har stillt lokala til disposisjon og sponsa oppussinga, medan arbeidet er gjort på dugnad. Idrettslaget har investert i utastyr både til kondisjonstrening, styrketrening og koordinering/balansetrenging. Her er det gratis å trene for medlemane i Todalen I.L. – eit godt tilbod som mange nyttar seg av. Fint at vi kan ha eit slikt tilbod i bygda – det er både sosialt og nyttig.
Det er også mange godt vaksne som brukar treningsrommet til å få litt trim og mosjon – spesielt i vinterhalvåret. Aldersgrensa for bruk av treningsrommet er 16 år – er du yngre må trening skje saman med føresatte som har ansvaret. Sjølv om det alt er mange som brukar treningsrommet er det alltids plass til fleire – ta gjerne med ein kompis og start forsiktig med litt trening, for det gjer så godt forbåde kropp og sjel, seier Bergli.