No lovar yr.no vërforandring – frå onsdag og nokre dagar framover vil det nok bli litt regn, og ei kaldare vêrtype. Det er nok ingen dramatikk i det, for det er nok mange som ønskjer seg litt regn no. Get gjeld nok både for dei som har gras eller andre vekstar som skal vekse, og det gjeld nok den som ventar på at det skal bli skikkeleg fin fiskarelv.
Det er i perioden onsdag til søndag at langtidsvarselet lovar regn – ikkje så veldig mykje, men litt kvar dag. På same måten blir det reduksjonar i temperaturen – medan vi nå har hatt 25-30 varmegrader, så bli det resten av veka tmperaturar mellom 15 og vel og bra 20 grader.
Neste veke ligg det an til betre vêr igjen – uten nedbør, men ikkje så høge temperatuyrar som no.