Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det tett tak på kyrkjetårnet

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2024

Arnt Erik Otnes har ein luftig og kald arbeidsplass dei komande vekene – han held til på toppen av stillasjen som er montert rundt tårnet på kyrkja.  Han fortel at det har vore lekkasje på deler taket i Tårnet, og no er det altså reparasjon på gang.  Arnt Erik har heldt på eit par dagar med å fjerne takplatene, og har avdekt ein omfattande råteskade.

Treverk som er råteskadd blir no skifta ut og det skal leggast nye takplater i koppar. Foto Jon Olav Ørsal

No må materialar som det er råteskade på fjernast, og vil etterkvart bli erstatta med nye materialar får det blir lagt kopparplater på det nyreparerte taket som går rundt tårnet.  Blikkenslager Gjerstad på Surnadalsøra skal hjelpe til med det nye takdekket etter at Arnt Erik har reparert råteskaden i tårnet.  

Det er montert stillasj på heile tårnet. Foto Jon Olav Ørsal

Arnt Erik har ein allsidig jobb – han er tilsett i Surnadal kyrkjelege fellesråd i jobben som kyrkjetenar.  Men han er absolutt kompetent til jobben som «tårnsnekkar», for han er utdanna tømrar, og har mange års praksis i det faget.  Han har iallfall ein luftig arbeidsplass med utsikt, sjølv om det var litt kald trekk i tårnet da vi stakk innom for å sjå kva som foregikk. 

Her blir siste rest av takplatene rundt tårnet demontert. Det har vore ein god del lekkasje konstaterer Arnt Erik Otnes. Foto Jon Olav Ørsal

Arnt Erik legg ikkje noko begrensing på bruken av kyrkjegarden, så det er berre å stikke innom og stelle gravstda på vanleg måte. Men oppfordrar likevel til å følge skilting og halde litt avstand til stillasen 

Publisert: 16. oktober 2024, 10:55