Denne veka er Svorka Energi igang med framføring av straum til lysløypa på Tjønnmyran. Arbeidet med å legge jordkabel pågår no frå høgspentmasta/transformatoren mellom Talgø gard og Vestrum, og vil fortsette etter veggrøfta ned mot vegen til Tjønnmyran og vil deretter bli lagt i vegen opp til lysløypeanlegget.
Lyseanlegget er omtrent ferdig montert, og det står no att å kople til armaturane og sette opp eit koblingsskap før lysløypa kan takast i bruk, fortel Nils Ove Bruset. Han har vore anleggsleiar for byggjinga av lysløypa, og han trur at Svorka Energi og El-Co skal være ferdige med jobben til den første snøen kjem. Den neste 10-dagersperioden er det meldt dagtemperatur på 10-12 grader og det er ideelle forhold for å ta innspurten på monteringsjobben.