Surnadal demensforening og helselag har ofte sosiale arrangement for bebuarane på Surnadal sjukeheim. Om sommaren er det kjekt med treff ute, men veret her på Nordmøre er ikkje alltid å lite på. Derfor søkte dei Sunndal sparebank, avdeling Surnadal, om støtte til innkjøp av telt.
Søknaden vart innvilga. Utdelinga av gåvesjekken skjedde på årets Hjertemarsj som i år var lagt til gapahuken på den nye kavlvegen på Surnadalseidet. Steinar Åsbø frå Sunndal sparebank hadde gleda av overrekke gåvesjekken på 15 000 kroner til leiaren i Surnadal demensforening og helselag Liv Botten.
Der var det stor deltaking på årets Hjertemarsj, og det var spennande å prøvegå den nye kavlvegen. Ved gapahuken var det servering av gode kaker, kaffe og frukt. Der var det også utdeling av premiar til alle som hadde delteke på Quizen frå Nasjonalforeninga for folkehelsen.
Surnadal helselag var stifta i 1910, medan demensforeninga er av nyare dato. I 2001 slo desse to laga seg saman og vart til Surnadal demensforening og helselag. Dei driv allsidige helsefremmande aktivitetar for alle aldersgrupper i nærmiljøet. Målet er å skape trivsel, gode møteplassar og bidra til livskvalitet. Denne måndagskvelden på Eidet skapte dei både trivsel og godt samvær!