Vi stakk innom Todalshytta for å sjå kor langt dugnadsarbeidet er kome, og vart litt overraska over at det no faktisk er berre litt finpuss som står att – og sjølvsagt litt opprydding. Så kan hytta tas i bruk, sjølv om hytta ikkje skal være døgnopen og betjent turisthytte i sommar. Fotturistane får bruke Ishuset og Jomfruburet som sjølvbetente overnattingsplassar, og Todalshytta vil bli leid ut til arrangement som for eksempel konfirmasjonar, bursdagar og bryllupsarrangement.
Den siste tida er det gjort mykje dugnadsarbeid med restaurering av Todalshytta. I tillegg til reparasjonar på sjølve tømmerbygninga er det pussa opp bad og lakkert alle gulv. I tillegg har heile huset fått nye elinstallasjonar og det er montert nye lysarmaturar og gjort mykje målingsarbeid og anna snekkerarbeid. Det er og gjort mykje ryddearbeid og skogrydding utvendig, slik at ein no har flott utsikt både frå bygda og til Todalshytta – og god utsikt frå Todalshytta og utover bygda.
Det utvendige dugnadsarbeidet er på langt nær ferdig enno, fortel big boss i turistforeninga, Eirik Gudmundsen. Det skal jobbes med blomsterbeda og med utvendig beising og utover sommaren blir det nok plenslått og stell av hagen. Her blir det nok Inge Skogheim og Hege Røe som blir ansvarleg, men med god hjelp av dugnadsmannskap frå KNT.
Sjølv om Todalshytta ikkje bli betjent i sommar så ser vi for oss ei slik løysing på sikt, seier Gudmundsen som er styreleiar i KNT. Vi satsar på at vi skal få tak i leieakarar som kan drive hytta for eiga rekning, og når den rette er funne så kan vi svitsje over på dagen, seier Gudmundsen. Han antyder at sjølvbetjent leirskaule ala Nersetra i Foldfjorden kan være eit godt alternativ for Todalshytta, der det kan drives forskjellige aktivitetar. Men i første omgang blir det altså sjølvbetjent i Ishuset og Jomfruburet.