I går starta arbeidet med den planlagte minnelunden på kyrkjegarden i Todalen. Soknerådet i Todalen har jobba i fleire år med planlegging og finansiering av prosjektet som no er i gang. Det er soknerådet saman med Per E. Gjeldnes Maskin som no har starta jobben.

Kristian og John i arbeid med hellelegging – her har dei fått hjelp av Oddvar Væge med ein liten hjullastar for å transportere masse. Foto Jon Olav Ørsal
Da vi stakk innom var det John Moe og Kristian Gjeldnes frå soknerådet som var i full gang, saman med Arne Gjeldnes frå Gjeldnes Maskin. Det skal no arbeidast opp ny veg innover til området mellom kyrkja og reiskapshuset. Her blir det i første omgang 72 urneplassar og ein plass som er pynta med blomster og plass til montering av minneplater.

Arne Gjeldnes frå Gjeldnes Maskin utfører maskinarbeidet i samband med minnelunden. Foto Jon Olav Ørsal
Dette er eit prosjekt som er kostnadrekna til godt og vel hundre tusen, og vi reknar med å være komne langt når vi har fått med oss måndagen, seier John Moe og Kristian Gjeldnes som representerte soknerådet i Todalen. John Moe seier at det har vore stor interesse for dette prosjektet, så han trur at dette er eit tilbod som folk har venta på.