Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det lettvint å pante flasker og boksar!

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. februar 2019

I dag vart det montert ein ny og moderne panteautomat for mottak av pantbare tomflasker og -bokar på Matkroken. – Endeleg er det kome små og kompakte pantautomatar som og små butikkar har plass til og ikkje minst råd til, seier Terje Nordvik hos Matkroken Todalen som har investert over 100.000 i den nye panteautomaten.

Pantautomaten er ei investering på rundt 112.000 pluss merverdiavgift, men den vil lette arbeidet på butikken, seier handelsmann Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Pantautomaten som er montert på Matkroken komprimerer plastflasker og -boksar etter kvart som du puttar dei inn og den leser strekkoden for å bestemme kva som er rett pantegruppe. Puttar du inn flasker som det ikkje er pant på, for eksempel svenske flasker og boksar så vil også dei bli komprimert, men det blir ikkje godskrevet pant på dei. Flasker og boksar blir komprimert og samla i ein sekk under automaten som er online med pantefirmaet Infinitum som er statens pantesentral, og den er online med kassasystemet til Coop. – Når du har levert inn alt tomgods så trykker du på knappen og får da utskrevet ein pantelapp som du leverer i kassa, der den blir skanna og du får returpanten trekt i frå på kassalappen – eller du får panten utbetalt.

Panteautomaten er sjølvbetjent!
Du må sjølv legge tomgodset i panteautomaten for å få utbetalt panten. Nordvik presiserer at det er viktig at flasker og boksar er heilt tomme. Dersom det er att brus eller øl – eller andre ting – i boksane så stemmer ikkje vekta på tomgodset, og da blir dei «spytta ut igjen». Da må dei tømmast for innhald og matast inn igjen. Dette tommes i utslagsvasken like ved og etter at jobben er utført kan du vaske hendene dine der.

Du puttar inn boksar og flasker med botn først – så leser automaten strekkoden. Foto: Jon Olav Ørsal

Panteautomaten er plasser ute på jernvarelageret som er like ved vaskerommet, og der er det også plassert ein søppeldunk. Terje Nordvik håpar at denne investeringa blir godt motteken av kundane , og han legg til at betjeninga vil være behjelpeleg med opplæring og hjelp i starten. Men han oppfordrar kundane til å kome med panteflaskene etter kvart og ikkje samle opp i store mengder – for da vil dette ta tid.

Eit alternativ for deg som vil gjera panteleveringa enklast mogleg, er faktisk å hive bæreposane direkte i pantkonteineren til Røde Kors som står ved glas- og metallkonteinarane utafor butikken. Røde Kors blir glad for å få panten din – pengar som går til drift av Røde Kors lokalforeining!

Automaten sørger for at du får att same pant som du har betalt.

Etter at du har pantet alle boksar og flasker, så trykker du på knappen og får kvittering som du leverer i kassa. Foto: Jon Olav Ørsal

…og så blir panten trekt i frå i kassa – eller utbetalt kontant. Foto: Jon Olav Ørsal

……Og slik blir boksane og flaskane som har gått gjennom automaten og havnar i sekken under automaten. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. februar 2019, 21:14