Svorka Aksess er i full gang med utbygginga av fiberbasert breiband i Todalen. På Kvennset er det forlengst kome i drift, – no står sørsida av bygda for tur, og no om dagen pågår utbygging på Todalsøra. Etterpå er det Brusetmarka, oppover til Gammelfabrikken som blir neste.
På sørsida av bygda vil fiberbasert breiband være på plass i løpet av sommaren, og det er nok alt vi rekk i år, seier Håkon Solvik i Svorka Aksess. – Som ikkje har planene klare for neste år enno og dermed ingen spesifikke planer for den vidare utbyggjinga i Todalen. – Men vi kjem snart med informasjon om muligheiter for privat initiativ for tilkobling til fiber, som gjeld for heile nedslagsfeltet vårt, seier Solvik.