Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det 4 dunkar og ein sekk!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. januar 2021

Remidt melder at det blir ny ordning med leveringa av avfall i løpet av året.  Vi har tidlegare 2 dunkar og ein sekk – no får vi to nye dunkar for å kjeldesortere i.  Dei nye dunkane skal brukast til matavfall og ein til glas og metall. Målet er at det skal bli mindre restavfall som skal brennast og meir utsorter avfall til gjenvinning. 

4 dunkar og ein sekk blir det no. Illustrasjon: ReMidt

Ved at vi gjer vår flid med å sortere avfallet så er det lettare å samle meir avfall til gjenvinning, der avfallet kan sjåast som ein ressurs med tanke på gjenbruk.  Dei nye dunkane vi får er altså ein som skal samle opp glasemballasje og ein som skal samle matavfall som skal gå vidare til foring. Å samle mat til fôring er nytt her i kommunen, men velkjent i mange av medlemskommunane. Det blir no lagt opp til at både renovasjonsorningane og prisane skal bli meir likt i medlemskommunane.  Og Remidt vil vidareføre ordninga med gratis levering av avfall på søppelplassane i dei forskjellige kommunane. 

Det er den nye renovasjonsforskrifta som gjev grunnlag for å gjera desse endringane og som ser på gjenvinnbart avfall som ein ressurs som skal takast vare på. Du finn meir informasjon om Remidt og deira tenester på nettsida Remidt.no

Glas og metallemballasje – matavfall papir og karton og restavfall – og i tillegg ein sekk for plastavfall.  Arkivfoto Remidt

ReMidt har 17 eigarkommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Dette utgjer til saman rundt  130.000 innbyggarar.
I alfabetisk rekkjefølgje: Aure, Averøy, Frøya, Heim (Halsa, Hemne og Snillfjord), Hitra (Hitra og Snillfjord), Kristiansund, Melhus, Midtre Gauldal, Oppdal, Orkland (Agdenes, Meldal, Orkdal og Snillfjord), Rennebu, Rindal, Skaun, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. 

Fremside – ReMidt

Publisert: 26. januar 2021, 17:36