I dag har Ola Bolme kjempa for plass på pallen i NM-konkurransen i Bilfag- lette kjøretøy. Her var det tøff konkurranse og sjansen til å kome på pallen glapp for Ola, mn det var likevel ei stor oppleving å kome til Hamar for å ta del i landsfinalen. Men i bagasjen har han mange fine opplevingar og mykje framsnakking av flinke ungdommar som velger yrkesretta utdanning frå både arrangørar, fylkesordførar og statsrådar.
Dagens arena for Ola var på Hamar Katedralskule, og det var lagt opp til 10 ulike oppgaver som skulle løysast på dei 20 minutta han hadde til disposisjon. Når det er NM arrangement så skal det nok være utfordrande oppgåver både med tanke på teknikk, erfaring og ikkje minst tid. – Godt gjort Ola, sjølv om pallplassen glapp i siste liten!
Men Ola får nok skru mykje bil i tida som kjem – til hausten startar han nemleg som lærling hos Surnadal lastebilveksted, og da blir det nok andre boller.