2. helga i januar brakar det laus igjen på Kårvatn. Då er Todalen IL arrangør av Norgesmesterskap/Norges Cup i randonee. I følge Skialpinismens eigne heimesider,vil det laurdag avviklast NM Individuell, medan det søndag er lagkonkurranse.
For ytterlegare informasjon om øvrige renn kan ein gå inn på Skiforbundet si side for komplett terminliste.
Randonee er ein konkurranse der deltakarane startar samtidig, går på ski i ei merkat løype oppover fjellsida med innslag av bratte parti, enkelte gonger svært bratt. Todalen IL har hatt liknande arrangement tidlegare år også, der trasseen har vore lagt opp til Tydalsnebba, i fjor litt amputert pga verforholda, som ikkje tillot deltakarane å gå til topps.
Her er meir informasjon om randonee.