Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NJFF Jentehelg 2022 i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. august 2022

Neste helg, 26. – 28. august, inviterer kvinneutvaget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til NJFF Jentehelt 2022 i Surnadal. Det er framleis ledige plassar, så har du lyst til å vere med, så er det berre å melde seg på. NJFF Jentehelg 2022 er eit tilbod til alle friluftsinteresserte jenter i alle aldrar, og ein treng ikkje ein gong å være medlem i SJFF for å kunne vere med!

Det heile tek til fredag 26. august med skytekveld på Angråmyra. Her er det mogleg å få prøve hagle og rifle. Ingen forkunnskapar er nødvendige. Ta gjerne med eige våpen, men det er også mogleg å låne. Hørselvern er det fint om du tek med.

Laurdag 27. august kokka 12:00 er det oppmøte på Nordmarka for å sette kursen mot fjellgarden Vaulen. Her blir det overnatting. Med Vaulen som utgangspunkt, vil det vere moglegheiter for å fiske, gå tur, lage mat eller bare slappe av.  

Erfaringsutveksling, turtips, nye planer og sosialt samvær er målet med turen. 

SJFF handlar inn til middagslaging, medan alle tek med seg tørrmat og drikke sjølv.

Klær og utstyr etter vær og føre, og ein treng sovepose.

Retur i løpet av søndag.

Det er ikke eit krav at ein deltek heile helga. Så om du til dømes berre kan tenke deg ein skytekveld eller berre ein overnattingstur, så er det sjølvsagt heilt greitt!

For meir informasjon og påmelding: NJFF Jentehelg 2022 i Surnadl

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 21. august 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 20. august 2022, 13:56