Frå 2. mai og ut juni er naturfotografen Nils Olav Talgøy aktuell med utstilling på Tingvoll. Nils Olav var på 80-og 90-talet eit kjent trekk i bybildet i Todalen, både med si verksemd som treskjærar og finsnekkar på Nessakaia og som naturfotograf med sitt kamera i Todalsnaturen. Nils Olav er frå Meisingset, sjølv om han har Talgøynamnet og sine aner frå Todalen. I dag bur han med familien på Meisingset, og er no aktuell med fotoutstilling i samband med Kulturvekkå på Tingvoll.
Nils Olav er ein av dei fremste naturfotografane med hjort som spesiale, men ein periode med jobb som jaktoppsyn i samband med reinsjakta vil nok også prege utstillinga. Utstillinga opnar laurdag 2. mai kl 13.00 og varer til 30. juni, og held hus i Tingvoll Brygge og Fjordhotell. Og som sagt er utstillinga eit samarbeid med Kultur vekkå og Tingvoll kunstlag.