Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils Magne Røen og Hallvard Kvande til topps i «Svorka Mini Maraton»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. september 2023

Nils Magne Røen og Hallvard Kvande, frå arrangørklubben Surnadal Golfklubb, sikra seg seieren i årets «Svorka Mini Maraton». Vinnarlaget fekk 61 poeng, medan heile fire lag kom like bak med 60 poeng kvar.

Nedandor kan du sjå resultatlista for dei fem beste laga i «Svorka Mini Maraton» 2023, som alle fekk premie frå turneringssponsoren Svorka.

  1. Nils Magne Røen / Hallvard Kvande, Surnadal Golfklubb – 61 poeng
  2. Øyvind Svinvik / Knut Haugen, Surnadal Golfklubb – 60 poeng
  3. Dagfinn Kruse / Anders Neerland, Smøla Golfklubb – 60 poeng
  4. John Erik Klinge / Bjørnar Hoel, Kristiansund og Omergn Golfklubb – 60 poeng
  5. Leiv Gunnar Kvarsvik / Rolf Tranø, Kristiansund og Omegn Golfklubb – 60 poeng20 lag i dagens turnering.  

Det var totalt 20 lag som deltok, og komplett resultatliste du sjå på resultatliste frå Golfbox 

Svorka stilte med både deltakergåver, frukt/energipåfyll og ikkje minst god burgermiddag frå Sylte Gardsslakteri. Foto: Surnadal Golfklubb

Arrangørklubben fekk positive tilbakemeldingar frå fleire av spelarane etter turneringa, så det verker som mange synes dette er ein artig, spennende og ganske krevjende speleform. Surnadal Golfklubb håper å kunne arrangere «Svorka Mini Maraton» også neste sesong.

Det var godt spelevêr gjennom heile dagen, med grei temperatur og perioder med sol.  Banen var relativt tung og våt, men dette tilpassa arrangøren seg etter med bruk av tilgjengelege regelverk. Forholda var uansett like for alle spelarane, sjølv om det kan dukke opp situasjonar som elles ikkje ville ha skjedd på ein fin sommerdag på ein tørr bane.

Eit fyldig referat frå «Svorka Mini Maraton» kan du lese på «Svorka Mini Maraton» 2023

Linn Wærdahl-Schei Hamnes og Dan Blekken informerte om dagens premiering og ønska spelarane lykke til på vegne av turneringssponsoren Svorka. Foto: Surnadla Golfklubb

Publisert: 3. september 2023, 09:37